200 norskøvingar – nynorsk

Brukernavn
Passord

200 norskøvingar – nynorsk

Øvingane i 200 norskøvingar for DrillPro er konstruerte spesielt for dyslektikarar. Trenings­opplegget kan elles brukast av alle som ønskjer å bli sikrare i norsk rettskriving.

 

Nivå og tilpassing

Øvingane kan brukast av både barn, unge og vaksne, men sidan vanskegraden ofte varierer frå øving til øving, vil det ofte vera naudsynt å redigere øvingar som er for lette eller for vanskelege for brukaren. Slike justeringar vil som oftast dreie seg om å fjerne ord som vil bli for vanskelege, eller å dele øvingane opp i kortare øvingar.

Ver òg merksam på at det er nytta e-infinitiv i alle øvingane. Dersom ein ønskjer a-infinitiv i øvingane, må ein redigere dei sjølv med dette for auge.

Mange av øvingane er rein ord-trening. Desse øvingane inneheld berre ord som er relevante for det aktuelle problemet, mens andre ord er utelatne. Dersom ein ønskjer meir variasjon, eller dersom ein ønskjer å blande problemområda, er det ingenting i vegen for at ein kan nytte orda i desse øvingane som utgangspunkt for å konstruere eigne øvingar.

Ein del øvingar går ut på å reprodusere to og to ord. I starten kan det kanskje bli for vanskeleg å hugse begge orda. I slike høve kan ein lage ei ny øving på grunnlag av originaløvinga, der ein tek bort det eine ordet. Seinare kan ein kanskje auke vanskegraden att ved å operere med tre eller fire ord samstundes.

Mange av orda som inngår i øvingane, vil vere nye og ukjende. Dette er ofte ein føremon, sidan brukaren då må lite på sjølve språkreglane – og ikkje på eit meir eller mindre usikkert minne – for å kunne skrive ordet rett.

Vaksne brukarar og brukarar i den vidaregåande skulen vil sannsynlegvis kunne bruke dei fleste øvingane i settet slik dei er. Dersom settet skal nyttast av elevar i grunnskulen, er det tilrådeleg at læraren eller ein annan vaksen ser gjennom øvingane først for å finne øvingar på rett nivå.

Den forklarande teksten som står i byrjinga av kvart tema, er tilpassa brukarar frå ungdomsskulen og oppover. Dersom øvingssettet skal brukast på barnetrinnet, bør lærestoffet bli formidla gjennom ein lærar. Det er å håpe at lærarar på alle undervisningsnivå vil kunne finne inspirasjon og nyttige råd i heftet.

 

Struktur og bruk

Øvingane er vanlegvis sorterte med dei enklaste og mest elementære øvingane fremst og dei meir spesielle og kompliserte øvingane sist i kvart kapittel. Start med dei første øvingane i eit kapittel. Det er ikkje noko poeng å gjennomføre alle øvingane innan eit kapittel/­problem­område før ein går over til eit nytt emne.

Ikkje overdriv! Det er betre å gjennomføre mange korte økter enn ei lang. Slutt før det oppstår irritasjon. Hugs at læringseffekten vil minske sterkt med det same brukaren kjenner tvang eller press. Ver nøye med å syte for at øvingane korkje er for lette eller for vanskelege. For vanskelege eller for lange øvingar kan ein redigere. Det er alltid betre at ei øving er litt for lett enn litt for vanskeleg. Vanskegraden bør vere slik at brukaren oppnår kring 80 % rette svar i første omgang.

200 norskøvingar er delt opp i 23 tema etter dei vanlegaste problemområda i norsk språk. Kvart tema opnar med ein karakteristikk av kva problemet går ut på, framlegg til tiltak og tilhøyrande språkreglar. Deretter følgjer i dei fleste tema ein del pedagogiske tips og ei oversikt over øvingane som er knytt til problemområdet.

 

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern