DrillPro Elementære norskøvingar er norskøvingar for alle som treng grunnleggjande trening i rettskriving, lesing og ordforråd. Øvingane er tilpassa til bruk med arbeidsplanane i Kartleggeren.
Øvingane er delte inn i tre hovudområder:
Øvingane som er samla her, har som hovudmål å øve opp evna til å raskt kjenne att ei mengd vanlege ord. I dei fleste øvingane trenar ein på enkeltord, og dei er organiserte etter lengda på orda.
Her kan ein trene på å utvide det aktive ordforrådet sitt. Dei tre ordklassene substantiv, verb og adjektiv har sine eigne mapper med øvingar der ein kan trene på bøyingsformer. I dei tre andre mappene arbeider ein med synonym, antonym og framandord.
Rettskrivingsdelen er den mest omfangsrike øvingskategorien i Elementære norskøvingar. Dei viktigaste problemområda i norsk rettskriving – slik som då eller når, j-lyden og stumme bokstavar – har sine eigne mapper med øvingar. I tillegg er det øvingssett for å trene på alfabetet og tre omfangsrike samlingar av vanlege ord organiserte etter forbokstav (bokstavfokus) eller som lydrette og ikkje lydrette ord.