Engelskøvingar – nynorsk

Brukernavn
Passord

Engelskøvingar – nynorsk

Engelskøvingar for DrillPro inneheld øvingar med elementær engelsk grammatikk og engelske gloser. Settet kan difor brukast av alle som skal lære språket eller friske opp gamle kunnskapar.

Sidan vanskegraden varierer frå øving til øving, kan det vere naudsynt å redigere øvingar som er for lette eller for vanskelege. I ein undervisningssamanheng bør læraren lese gjennom øvingane som skal brukast på førehand og eventuelt justere der det er aktuelt. Slike justeringar vil i dei fleste høve dreie seg om å fjerne ord eller setningar som blir for vanskelege for eleven eller å dele øvingar opp i mindre einingar.

Meir om å redigere øvingar i DrillPro finn du her.

Vaksne brukarar og brukarar i dei øvste klassetrinna i grunnskulen og elevar i vidaregåande skule vil sannsynlegvis kunne bruke dei fleste øvingane i settet utan redigering. Ein kan òg komponere eigne øvingar med utgangspunkt i dei originale øvingane.

Mange av orda som inngår i øvingane vil vere nye og ukjende. Dette er ofte ein fordel, sidan brukeren då må stole på sitt kjennskap til sjølve språkreglane. Ein lang rekkje av øvingane i settet egner seg òg til munnleg trening.

Språkreglane som ligg til grunn for dei ulike øvingane kan ein finne i lærebøker eller grammatikkhandbøker.

 

Bruk  

Øvingane er til vanleg sorterte med dei enklaste og mest elementære øvingane først og dei meir spesielle og kompliserte øvingane sist i kvart kapittel. Ein tilrår å byrje med dei første øvingane i kvart kapittel. Sidan kan ein gjennomføre så mange av dei resterande øvingane innan emnet som trengst. Det er ikkje noko poeng å gjennomføre alle øvingane i eit emne før ein går over til noko nytt.

Ver nøye med å sørgje for at øvingane korkje er for lette eller for vanskelege. For vanskelege eller for lange øvingar kan ein redigere som omtalt ovanfor. Hugs at det alltid er betre at ei øving er litt for lett enn litt for vanskeleg.

Settet er tematisk inndelt i fem emneområde:

  • Grammatikk
  • Leseøvingar
  • Luketestar
  • Problemord
  • Uttaleøvingar

Grammatikk og Uttaleøvingar er vidare delte inn i underemne. Nokre av emna inneheld berre tekstreproduksjonsøvinger, nokre inneheld berre spørsmål/svar-øvingar, eitt emne inneheld berre innfyllingsøvingar, medan dei andre inneheld kombinasjonar av øvingsmetodane . Totalt finst det 79 tekstrepro­duk­sjonsøvingar, 202 spørsmål/svar-øvingar og 149 innfyllingsøvingar i settet. Nokre av øvingane finst både som spørsmål/svar-øving og som innfyllingsøving.

Du finn meir informasjon om emna under kvart emneområde.

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern