Framandord – nynorsk

Brukernavn
Passord

Framandord – nynorsk

DrillPro Framandord gjer deg kjend med mange av dei mest nytta framandorda i norsk. Du vil lære tydinga av orda, du vil lese dei raskare og du vil lære å skrive dei rett.

Settet er delt inn i fire ulike øvingstypar:

  • Næraste alternativ (Spørsmål/Svar) som trenar deg i tydinga av framandorda. Øvingstypen er sett saman av 18 øvingar som kvar trenar inn tydinga av 20 framandord. Øvingane er ordna alfabetisk, og for kvart av dei 20 orda må ein velje mellom tre alternative tydingar. Rett svar blir markert ved å skrive a, b eller c – etter kva for bokstav som står framfor det rette alternativet.
     
  • Alternativ i setningar (Spørsmål/Svar) der framandorda står i ein naturleg samanheng. Det er 18 øvingar der det manglar eit framandord i setninga. For kvar setning er det tre ord å velje mellom. Oppgåva går ut på å velje og å skrive inn det rette ordet.
     
  • Utfyllingsøvingar der du sjølv må setje inn eit framandord som passar. Her er det samlingar med framandord som skal setjast inn i ei forteljing. Det er fire forteljingar frå områda foreiningsliv, reiseliv, yrkesliv/­utdanning og samfunnsliv.
     
  • Tekstreproduksjonsøvingar der du kan bruke mange av tekstreproduksjonsmetodane for lesetrening, rettskrivingstrening og for å lære rett uttale. Også denne gruppa er sett saman av 18 øvingar med 20 framandord i kvar. Føremålet med desse øvingane er å øve hurtiglesing, rett uttale og rett stavemåte.

 

Bruk

Ein kan gjennomføre opplegget på mange måtar. Kva for ein framgangsmetode som er den beste, vil variere etter behov for trening og etter arbeidsstil. Her følgjer to alternative ”hovudmodellar” som vil sikre god innlæring for dei fleste:

I Modell I tek vi føre oss ein øvingsmetode om gongen og arbeider oss gjennom alle framandorda ved hjelp av den aktuelle metoden.

I Modell II arbeider vi først gjennom alle øvingsmetodane med framandorda som byrjar på a-, så går vi gjennom alle øvingsmetodane med orda på b-, osb.

  

Modell I

A. Trening av tydinga til orda

1. Start med øvingstypen Næraste alternativ (Spørsmål/Svar-øvingar I)

Når du kjenner tydinga av alle orda i øving 1 (bokstaven a), går du vidare til bokstaven b i øving 2. Hald fram til du kjenner innhaldet i alle orda som inngår i opplegget. Det er ein god ide å repetere frå tid til anna.

2. Hald fram med øvingstypen Alternativ i setningar (Spørsmål/Svar-øvingar II)

I desse øvingane får du prøvd orda – som no skal vere innlærte – i setningar. Vala vil i dei fleste tilfella vere opplagte, men nokre gonger kan det vere naudsynt å tenkje seg godt om for å velje det ordet som passar best. Øving 1, 2 osb. korresponderer med bokstavane ab, osb. på same måten som i den første øvingstypen. 

3. Gjennomfør Utfyllingsøvingane

I desse øvingane er det om å gjere å plassere passande framandord i ei forteljing. Framandorda som skal brukast står øvst på skjermen. Du skal berre bruke kvart ord éin gong. Det kan vere naudsynt å lese gjennom heile forteljinga for å få alle orda på rett plass. Når du er sikker på plasseringa av framandorda i dei fire forteljingane, meistrar du ord som er mykje nytta på sentrale livsområde.

B. Trening i å skrive framandorda rett

Gjennom treninga av tydinga av framandorda vil du også ha fått trening i å skrive dei rett, men sidan norske rett­skrivingsreglar ikkje alltid kan brukast på framandorda, kan det vere naudsynt med meir øving. Til dette brukar du tekstreproduk­sjonsøvingane.

C. Oppøving av lesetempo

Momentan attkjenning av ordbiletet er viktig for rask og jamn lesing. Dette kan ein trene på ved å velje eit av lesetreningsvala under Tekstreproduksjonsøvingar. Sjå evt. kapitlet Tekst­repro­duk­­sjons­metodar eller brukarrettleiinga til DrillPro for meir informasjon. 

 

Modell II

I modell II tek du føre deg alle oppgåvetypane for framandorda som byrjar med a-, for så å gå vidare med øvingane på b- osb. Rekkjefølgja vert slik:

  1. Start med Finn næraste alternativ (Spørsmål/Svar-øvingar I)
  2. Oppgåva vi skal starte med er øving 1 (bokstaven a). Jobb med denne til du kjenner tydinga av alle orda.
  3. Hald fram med Alternativ i setningar (Spørsmål/Svar-øvingar II) med framandord på a- (dvs. øving 1) osb.
  4. Tren rettskriving og oppøving av lesetempo med tekstreproduksjonsøvingane til framand­ord på a- (dvs. øving 1) osb.
  5. Gjennomfør punkta 1 – 3 for framandorda som byrjar med dei andre bokstavane.
  6. Gjennomfør Utfyllingsøvingane på same måte som i Modell I, dvs. øving 1 (bokstav a) osb.

 

Meir om framandord

I norsk har vi mange ord som eigentleg stammar frå andre språk, ofte gresk eller latin. Det er desse orda vi kallar framandord. Vi kan kjenne dei att når vi les og høyrer dei i andre språk, til dømes i engelsk eller tysk.

Talet på framandord aukar stadig. Vi støyter på dei kvar dag – i aviser, bøker, radio og TV (tele visjon = langt borte / fjernt + syn). Mange fagområde nyttar ord som etter kvart er blitt internasjonale. Uttale og skrivemåte kan vere litt ulike i ulike språk, men vi kan kjenne orda att likevel. Område som luftfart, datateknologi, kunst og mange andre har ord som er felles over store delar av verda.

Vi trur det kan vere lurt å ta framandorda på alvor. Enkelte av dei er blitt så vanlege at dei ikkje er til å kome utanom. Utan kjennskap til framandord vil lesetempoet bli lågare. Skrivemåten for framandord følgjer ikkje alltid vanlege, norske rettskrivingsreglar, så det kan vere nyttig å lære seg vanlege framandord utanåt. Dei vanlegaste framandorda finst i ordbøker, men støyter vi på nokre svært sjeldne, må vi ty til framandordbøker.

Det er ikkje noko mål å slå om seg med flest mogleg framandord, men det vil vere ein føremon å kjenne dei, kunne uttale og skrive dei korrekt og kunne bruke dei på rett måte.

Framandord er ofte samansette ord som det kan vere vanskeleg å forstå. Men dersom vi kjenner tydinga av nokre rotmorfem (grunnord), nokre prefiks (forstavingar) og nokre avleiingar, kan vi finne fram til meininga med mange framandord. Då vert det enklare å hugse dei. Slik kunnskap vil også vere til hjelp for å kunne stave riktig.

Vi har difor teke med litt om tydinga av ein del forstavingar, grunnord og avleiingar som vart laga under arbeidet med ”DrillPro – Rettskrivingskurs for voksne” (Fagbokforlaget AS). Der finst også meir lærestoff om framandord og språkleg medvit.

Vanlege forstavingar (prefiks) i norsk

Forstavingar

Tyding

Døme

a-

oppheving av tyding

amoralsk (ikkje moralsk)

ab-

av, frå

abnorm (unormal)

an-

tyding som a-

anonym (namnlaus)

anti-

imot, motsett

antipati (motvilje)

auto-

sjølv, eigenhendig

autograf (eigenhendig underskrift)

bi-

dobbel, tosidig

bigami (gift med to)

de-

av, frå

deformere (misdanne)

dis-

motsett av grunnordet

disfavør (til skade for ein)

dys-

dårleg, mangelfull

dysleksi (lesevanskar)

eks-

ut av, tidlegare

ekspresident (tidlegare president)

hemi-

halv

hemisfære (halvkule)

homo-

like, eins, same

homogen (einsarta)

hyper-

over (forsterking)

hypermoderne (aller siste mote)

im-, in-, ir-, il-

ikkje, inn

import (innførsle), inkludere (innehalde), irrelevant (ikkje til saka), illegal (ulovleg)

inter-

mellom

intervall (mellomrom)

mal-

dårleg, u-

maltraktere (mishandle)

mikro-

liten

mikroskop

mono-

enkel, aleine

monolog (einetale)

multi-

mange-, mange gonger

multiplisere (gonge)

non-

ikkje, u-

nonsens (ikkje meining)

per-

gjennom, særs mykje

perforere (gjennomhole)

pre-

før, framfor

predestinere (avgjere på førehand)

pro-

for, i staden for, fordel for

prolog (fortale, innleiingsdikt)

re-

igjen, attende

repetere (gjere om att)

tele-

fjern

televisjon (fjernsyn)

trans-

over

translatør (omsetjar)


Nokre grunnord (rotmorfem) i framandord 

Grunnord

Tyding

Døme

aero

luft

aerodynamisk (straumlinja)

akva

vass

akvarell (måleri med vassfargar)

ambi

båe

ambivalent (motstridande kjensler)

anno

”i året”

per anno (per år)

biblio

bok

bibliotek

bio

liv

biologi (læra om liv hjå plantar og dyr)

centi

hundre (ein hundredel)

centimeter (ein hundredels meter)

didakt

lære, undervise

autodidakt (sjølvlært)

dukt

leidning

akvedukt (vassleidning)

dynam

kraft

dynamisk (kraftig, sterk)

fil

ven, samlar

frankofil (franskvenleg)

fon

lyd

grammofon

foto

lys

fotograf

fys

natur

fysioterapi

gam

gifte, giftarmål

bigami (gift med to)

graf

skrive

autograf (eigenhendig underskrift)

hekto

hundre, hundre gonger

hektogram (100 gram)

human

menneskeleg

humanitær (hjelpe menneske i naud)

log(i)

lære, vitskap, tale

monolog (einetale)

mobil

rørleg

mobilitet (rørsle)

novo

ny

innovasjon (fornying)

ped

barn, undervisning

pediater (barnelege)

skript

skrift, skriving

manuskript (eigentleg handskrift)

terapi

sjukdomshandsaming

fysioterapi

vis

sjå

visjon (syn, draumesyn)

vok

stemme

vokalist (songar)

 

Nokre avleiingar/endingar (suffiks) i norske ord og i framandord 

Avleiing

Tyding

Døme

-abel, -ibel

i stand til

variabel (som kan endre seg)

-ant, -ent

ein som gjer noko

immigrant (innvandrar)

-anse

tilstand, gjerning

kompetanse (evne til å gjere noe)

-ell

forholda til

profesjonell (forholda seg til ”faget”)

-esse

nemner hokjønn,
måte, å vere slik som

baronesse,
delikatesse

-eg, -leg

adjektivform

kjærleg

-ikk

laga av

keramikk

-isk

kvalitet, tilstand

kritisk (stille spørsmål ved noko)

-isme

rørsle, lære

sosialisme

-ist

ein som tener noko,

er tilhengjar av noko

fiolinist
sosialist (tilhengjar av sosialismen)

-iv

i forhold til

defensiv (forsvare seg i forhold til andre)

-laus

utan

skruppellaus (utan skruplar, kynisk)

-ment

middel, tilstand

engasjement

-or, -ar, -ør, -

ein som utfører eit arbeide

bibliotekar (ein som arbeider på bibliotek, ekspeditør)

-sam

mykje av, full av

langsam

-sjon

handling

aksjon

-skap

tilstand, handling

utruskap

-tek

gøymestad, samling

apotek

-tet

tilstand, kvalitet

universitet

-us, -øs

mykje av, full av

generøs (gåvmild, snill)

-vert

-vend

ekstrovert (utovervend)

 

 

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern