Nynorsk for bokmålsbrukarar

Brukernavn
Passord

Nynorsk for bokmålsbrukarar

Øvingssettet Nynorsk for bokmålsbrukarar er laga for å hjelpe bokmålsbrukarar å skrive betre nynorsk. Det tek føre seg dei viktigaste problema i formverket og har òg som mål å auke ordforrådet til elevane.

Settet kan brukast på dei fleste nivåa i nynorskundervisninga, men er eigentleg laga med vaksne elevar som målgruppe. Derfor kan kanskje ordforrådet i nokre av oppgåvene vere vanskeleg for dei yngste elevgruppene.

I dei aller fleste oppgåvene er det lagt inn mange svaralternativ, men med alle dei formene – både hovud- og sideformer – som elevane kan bruke, er det vanskeleg å få med alle alternativa. Vi har valt å halde oss berre til hovudformer sjølv om elevane også har lov å skrive sideformene, for å gjere talet på valfrie former mindre. Også når det gjeld ordtilfangsøvingane vil det ofte finnast fleire synonyme omgrep enn dei som er tekne med.

Oppgåvesettet består av 201 øvingar med til saman om lag 3000 oppgåver fordelte på øvingstypane Tekstproduksjon, Spørsmål/Svar og Utfylling. Øvingane er delte inn i to hovudkapittel, Formverk og Ordtilfang, som igjen er sorterte etter emne:

  • Formverk
    • Substantiv
    • Verb – enkeltord
    • Verb – setningar
    • Adjektiv
    • Pronomen og determinativ
    • Samsvarsbøying
  • Ordtilfang
    • Øvingar med enkeltord
    • Øvingar med setningar
    • Tekstar

Under kvart emne finn du meir informasjon om innhaldet i emnet.

 

© Fagbokforlaget | Kanalveien 51 | 5068 Bergen | Ordretelefon: 55 38 88 38 | Ordrefaks: 55 38 88 39 | ordre@fagbokforlaget.no | Cookies | Personvern